BFU-møte 090909
Tilstade: Truls, Mari, Ane K, Hanne, Ingebjørg, Kartine, Thomas, Kristian, Frode, Andreas, Knut, Øystein, Camilla S, Marit, Synnøve
Sak 1 Sopptur
Hugs å spre ordet.
Sak 2 Kontortid
Kvar Torsdag kl. 12.00-13.00. Skriv dykk opp på lista på kontoret.
Sak 3 Vaktliste BFU Awareness day
Førebels liste blir lest opp, og nye mennesker blir skrive på. Marit, Katrine, Ingebjørg og Andreas tar med vaffeljern.
Sak 4 Fugletur
Blir diskutert om det skal bli slått saman med hyttetur, men ser ikkje sånn ut. Anna tar ansvar?
Sak 5 Biofotball
Det er ingen framgang i planlegginga, der er ikkje gjort noko sidan sist. Men dei som har ansvar får beskjed om at det SKAL fiksast til neste gong.
Sak 6 Biografen
Biografen-gjengen må ha eit møte snart, skal møtast etter dette møtet. Dårleg oppmøte til no i år.
Sak 7 PC
Det blir søkt om midlar til ny PC på kontoret.
Sak 8 Frokost hos Kristine
Det blir bestemt at me skal kjøpa ein pose med kaffi til føredragsholdarane.
Synnøve Botnen
referent